Borstrondi - Slideshow serie Borstrondi - Slideshow serie Borstrondi - Slideshow serie Borstrondi - Slideshow serie Borstrondi - Slideshow serie Felt
You are here: HeimOm oss

Jolaskyting 18. desember 2017.

Denne kvelden gjorde me ein liten vri på skytetreninga. 

Fyrst blei det gjennomført "samarbeidsskyting" der ein hadde 2 lag med 3 skyttarar på kvart lag, men berre eit gevær pr lag. Ein skulle halda geværet, ein skulle sikte og den tredje gjorde avtrekk. Her laut ungdomane samarbeide, og det gjennomførte dei med glans.

Neste del var duellskyting på boksar som var hengt opp. To og to skyttarar skaut mot kvar sine 3 boksar og den som først fekk 3 treff gjekk vidare. Leif Arne og Arild prøvde seg også mot ungdomane, men vart slegne ut undervegs. I finalen stod det mellom Eirik og Sander, men sjølv etter 2 skytingar var dei så like at en vart einige om å kalla det for uavgjort.

Kvelden vart avslutta med pizza, brus, peparkaker og litt premier. Sjå fotoalbum  for fleire bilete.

Det vart ei god treningsøkt med stang og felthurtig i Åsbrekke laurdag 9.sept.

4 ungomar frå Vossakrinsen var samla til instruksjon og trening i stang og felthurtigskyting. Jonny Hugo Johansen frå Voss skyttarlag stilte villig som instruktør.

Fyrst var det litt teori om stangskyting, før alle fekk prøve seg på fleire seriar med og utan tidtaking. Til slutt ein uformell intern tevling, der me tok det på LS vis med langhald fyrst og skaut korthaldet etter rangering. Nyttig erfaring.

Etter litt mat var alle klare for stuparen. Litt såre kne og hofter, men veldig treffsikre. Og her vart det ei uformell tevling til slutt, med duell.

Endre, Eirik, Kristian og Karianne klare til stangskytingEndre, Eirik, Kristian og Karianne klare til stangskyting.

Liten tvil om skyteretninga. Klar og tydeleg instruktør.

 

Me såg svært god progresjon gjennom økta. Målet var klart: LS 2022. Då skal Vossingane markere seg på stang og felthurtigbana.

Dette vil me gjere att neste år.

Vinnar av superfinale stang: Kristian Mjånes. Duellvinnar felth: Karianne Vatne Johansen!! 

Tusen takk til Stig Kåre Trå frå Borstrondi og Jonny Hugo Johansen frå Voss skyttarlag.

 

 

Desse personane utgjer styret og utval i 2017.

Leiar: Sverre Amundsen

Kasserar og materialforvaltar: Arne Klette

Styremedlem: Jon Arvid Himle, Stig Kåre Trå, Alf Norman Dirdal og Leif Arne Haug.

Vara til styret: Gunnar Almeland og Arild Amundsen

Jaktutval: Jon Arvid Himle(leiar), Nancy Nummedal Bolstad og Olav Kyte.

Ungdomsutval: Stig Kåre Trå (leiar), Terje Stana og Arild Lydvo.

Revisor er som før: Ivar Johan Norekvål.

 

 LApua Capture
 
Me gjentek også i vinter suksessen med heimebanecup, og me har også i år fått med oss Lapua på laget som hovedsponsor. Navnet vil dermed verta LapuaCup også i år. Me håpar også å få med oss fleire sponsorar, slik at me også i år kan tilby eit fyldig premiebord.
 
Det var i fjor 122 skyttarar med å skaut cuppen i rekrutteringsklassane og 91 i senior og veteranklassane. Dette må me sei oss godt nøgde med og håpar å gjenskape dette i vinter!
Målet må vera å få flest mogleg (forhåpentligvis alle) laga med, og med dette skapa eit tilbod for alle. Ikkje minst til dei som kanskje ikkje reiser rundt på stemner elles.
 
Slik føregår cupen:
All skyting føregår på heimebane på 15 meter, det vert halde 6 kvalifiseringsrundar der dei 4 beste resultata vert teljande som kvalifisering til den avsluttande finalen.
 
Skyteprogram/reglar
Det skal skytast ein 35-skot med «utandørsprogram», 25-skot for Aspirant og kl. 1.
Alle skal skyta i den klassen dei er kvalifisert for (eller vel) i 2017, husk at det er kome ein ny klasse, nemleg Eldre Junior for 18-åringar!
Alle skyttarar i H&V Skyttarsamlag kan delta. Skyttarane står fritt til å delta hjå eit av nabolaga dersom det er hensiktsmessig eller at ditt eige lag ikkje arrangerer cupen.
Alle klassar kan delta, men det er ingen finaleskyting for kl. Asp.
 
Resultat og anna informasjon vert lagt ut på Stradebarm Skyttarlag si heimeside:
dfs.no/strandebarm å på Facebooksida til «Lapua Cup Hardanger og Voss» vert det lagt ut oppdateringar rundt resultat og andre relevante opplysingar. Fint om ein også kan dele bilder frå skytingane her.
 
Finale:
I R, ER, JR og EJ kan alle som ynskjer stilla til finale.
1-5 og Veteran: 50% i kvar klasse går til finale, maks 10 pr. klasse. Info og program for finalen kjem når det nermar seg.
 
For å stå til premie, må ein ha delteke på 4 av dei 6 innleiande rundane, premiering vert berekna ut ifrå sluttlistene i dei ulike klassane.
Aspirant: Alle får priemie
R/ER/J/EJ: ½ får priemie
1-5 og Veteran: 1/3 får premie
 
Finalepremiering kjem ein tilbake til.
 
Terminfesta cup-veker:
1. runde: Veke 44 (31 okt. - 4. november 2016)
2. runde: Veke 46 (14.-18. november 2016)
3. runde: Veke 48 (28. nov-2. desember 2016)
4. runde: Veke 50 (12.-16. desember 2016)
5. runde: Veke 1 (2.-6. januar 2017)
6. runde: Veke 3 (16.-20. januar 2017)
 
Finale: Miniatyrbanen i Strandebarm. Dato er ikkje fastsett enno.
 
Lukka te!:-)
Mvh Cup-komiteèn
Chris-Andre, Trine, Harald

      rdyr           Jaktfeltstemna 2016                  maar serie3

Jaktutvalet i Borstrondi skyttarlag byr inn til jaktfeltstemna på Åsbrekke skytebane tysdag 31 mai frå kl 1700.

Skyteprogram er totalt 20 skot på 4 ulike hald (2 korthald og 2 langhald). 5 skot på kvart hald. Skivene vert ulike dyrefigurar som høver til avstanden (mår,jerv, hjort og rein).

Det vert skote i lag på 5 skyttarar. Fyrste lag startar kl 1700. Klassar: Eldre rekrutt, junior og klasse jeger. Klasse ER og J skyt alle skota liggjande. Klasse jeger skyt ein serie i kneståande.

Innskot: Klasse jeger: 150,- Klasse ER og J: 75,- Halvparten av innskotet går til premiar. 1/3 premiering. Deltaking i stemna tel som 15 obigatoriske treningskot til storviltprøva.

Det er kun tillatt å bruke våpen godkjend til jakt. Ingen reglar for bekledning eller siktemiddel.

Påmelding: På dfs.no (innlogga med skyttar ID), e-post til: This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. eller sms til 99694743. 

Det går og fint å melde seg på ved oppmøte.

Sal av drikke og enkel mat i lagshuset. Sal av ammunisjon.

Vel møtt.

 

  •  Start 
  •  Prev 
  •  1  2  3  4 
  •  Next 
  •  End 

Page 1 of 4

Subcategories

Free business joomla templates

Distributed by SiteGround